GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE INDUSTRIALISERINGSDAGEN FOR AFRIKA

0
677

20. november 2006 – Temaet for årets feiring av industrialiseringsdagen for Afrika “Redusering av fattigdom gjennom bærekraftig industriell utvikling” understreker rolla industriutvikling kan og må spele i arbeidet for tusenårsmåla og sosialøkonomisk framgang i Afrika.

Bærekraftig industriell utvikling forblir unnvikande i Afrika. Kontinentet henger etter alle andre regionar i industriell vekst og jobbskaping. I dei siste 15 åra har Afrika sin del av verda sine industrielle ytingar forblitt stilleståande på 1%.

Likevel er utsiktene lysare for tydelege betringar i kontinentet sine sosiale og økonomiske tilhøve. Økonomisk vekst har vorte betre i mange låginntektsland, noko som aukar sjansen for at eit markant antal personar kan løftast ut av absolutt fattigdom. Sjølv om nokre land har erfart nedgong i veksttaktar og har ikkje oppnådd måla om fattigdomsreduksjon, er mange andre på rett veg til målet om halvert fattigdom innan 2015.

Trass desse vinningane må det gjerast mykje meir, og ikkje berre i land med låg eller negative vekst. Sjølv på dei stadene der ein har sett framgong, vil ei sterk og varig framdrift for utviding og variering av det afrikanske økonomiske grunnlaget gjennom bærekraftig industriell utvikling, handel og regional marknadsintegrering vere avgjerande for ei vidare sikring av desse resultata. Dette hastar særskild for dei sektorane som støttar opp om største delen av kontinentet sine fattige, slik som landbruksindustriar og andre små og mellomstore industriar.

Den Afrikanske Unionen har anerkjent tydinga av bærekraftig industriell utvikling for Afrika si framtid. Særskild har AU gjeve si tilslutning til det Afrikanske Produksjonskapasitet Initiativet, lansert av kontinentet sine industri ministrar og FN sin organisasjon for industriell utvikling, som den bærekraftige industrialiseringskomponenten av det nye partnarskapet for afrikansk utvikling NEPAD. Den Afrikanske Unionen viar i tillegg sitt 2007 toppmøte til temaet om afrikansk industrialisering.

La oss på denne industrialiseringsdagen for Afrika på ny bekrefte engasjementet for å støtte desse innsatsane og skape ei meir velståande framtid for alle afrikanarar.