Ban Ki-moon: Vi treng eit sterkare FN for ei betre verd

0
590
Generalsekretær Ban Ki-moon opna i går den fyrste debatten i generalforsamlinga. Han oppmoda verdsleiarar om å støtte opp om FN sitt arbeid for ei betre verd.

”Verda vår er i endring og treng eit sterkare FN, ” sa Ban i talen sin. ”Min visjon er ein administrasjon som er resultatfokusert – effektiv, målretta, pragmatisk og ansvarleg, ein administrasjon som representerar stor dugleik, integritet og byrgskap i arbeidet for det globale gode.”

Han erkjente at det no er naudsynt med ei ny tilnærming, og viste til klimatoppmøtet han arrangerte på mondag: ”Vi treng ei intern klimaendring i FN.”

Generalsekretæren, som er kjend for å leggje meir vekt på resultat enn retorikk, oppmoda om meir fokus på å ”få ting gjort.” Han viste til tidlegare vellukka reorganiseringar av fredsbevarande operasjonar og lova å ”fortsetje innsatsen ved å styrke departementet for politiske saker (DPA)."

”Godt planlagd og utført førebyggjande diplomati kan spare mange liv og avverge mange tragediar.”

Ban viste til fleire krisesituasjonar verda ser i dag. Generalsekretæren lova å gjere så mykje som mogeleg for å få ein slutt på tragedien i Darfur, og oppmoda samstundes sudanske styresmakter om å halde lovnaden sin om å ta del i omfattande fredssamtalar og inngå våpenkvile.

”Krisa i Darfur vaks fram av mange årsaker. Ei varig løysing må ta omsyn til alle desse årsakene – tryggleik, politikk, ressursar, vatn, humanitære og utviklingspørsmål. Der, som andre stader, må vi sjå på dei underliggjande årsakene, sjølv når dei er komplekse og innvikla.”

Generalsekretæren oppmoda også om ein slutt på valden og okkupasjonen i Palestina. Han bad om ein Palestinsk stat i fred med seg sjølv og Israel, samt fred mellom Isreal og den arabiske verda. ”Med fornya leiarskap frå den arabiske verda og USA, saman med innsatsen til kvartett-representant Tony Blair, har vi dei naudsynte ingrediansane for ein fornya innsats for fred.”

”Vi håpar inderlig at det libanesiske folk gjennom nasjonal forsoning vil klare å gjenopprette politisk og sosial stabilitet ved å velje ein ny president i overeinstemmelse med grunnlova,” sa Ban.

Han sa at FN spelar i viktig rolle i å fremje politisk forhandling og nasjonal forsoning i Irak, samt i humanitær bistand til det irakiske folk.

Generalsekretæren oppmoda også om auka innsats i arbeidet mot narkotikasmugling og finansieringa av terrorisme i Afghanistan.

Han gjentok også oppmodinga si til styresmaktene i Burma, om å fremje dialog for å oppnå fredeleg forsoning.

Meir enn 190 talarar er venta under dette årets generalforsamling, der meir enn 70 statsoverhovud og 30 regjeringsleiarar er samla. Samlinga held fram t.o.m. 3. oktober.

Les heile talen til generalsekretæren her.