FN-møte om klima i Valencia

0
691
Regjeringsmedlem og forskarar frå heile verda er i desse dagar samla i Valencia i Spania, der ein FN-konferanse om klima finn stad. Utfallet av konferansen vil resultere i ein Fourth Assessment Report, som vil sjå nærare på korleis vi best kan handtere fylgjene av klimaendringar.

”Det som vert skapt her i Valencia vil vere guiden som kvar og ein av dei mange tusen delegatane som kjem til å ta del i den avgjerande klimakonferansen på Bali vil pakke i kofferten og ha i baklomma,” sa leiaren i FN sitt klimaprogram (UNEP) då han innleia konferansen i Valencia.

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon vil vere til stades under lanseringa av Fourth Assessment Report på laurdag. Forrige helg vart Ban den fyrste av FN sine generalsekretærar til å vitje Antarktis, der han med eigne auge observerte korleis klimaendringar innverkar på den arktiske naturen.

Les meir om UNEP her.