FN sin generalsekretær samlar verdsleiarar til toppmøte om klimaendringar

0
641

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon ynskjer å fremje vidare samarbeid mot klimaendringar, og arrangerar 24. september eit klimatoppmøte i New York med deltakarar frå meir enn 150 land.

Meir enn 70 statsleiarar kjem til å vere til stades på dette møtet, som vert det største klimatoppmøtet nokonsinne.

Toppmøtet har som mål å sikre politisk engasjement før FN sin klimakonferanse på Bali i desember. Det er ynskjeleg at ein på Bali skal kome i gang med forhandlingar om ein ny klimaavtale. ”Bali må fremje forhandlingar for å motkjempe klimaendringar på alle frontar,” sa Ban.

I fylgje FN sitt klimapanel vil jorda sin temperatur auke med 4,5 grader dersom ein ikkje stoppar utslepp av drivhusgassar. Effekten av klimaendringar er allereie no tydelege, i fylgje klimapanelet. Arktis vert no oppvarma dobblet så fort som det globale gjennomsnittet. Isbreear smeltar, vassressursar minkar, og endring i vertilhøve fører til tørke og ørkenspreiing.

”Vi kan ikkje la denne utviklinga halde fram,” uttalte Ban nyleg. ”Vi kan ikkje forsetje som om ingenting har skjedd. Tida har no kome for global handling.”

Toppmøtet, som har fått tittelen ”The Future in our Hands: Addressing the Leadership Challenge of Climate Change” vil opne opp for diskusjon om fire hovudtema: lindring, tilretteleggjing, teknologi og finansiering.

Les meir om møtet her.