GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONAL DAGEN FOR AVSKAFFING AV FATTIGDOM, 17.oktober 2006

0
133

Temaet for årets internasjonale dag for avskaffing av fattigdom – “Samarbeid ut av fattigdom” – understreker naudsynet av ein verkeleg global anti-fattigdomsallianse, ein allianse der både industri og utviklingsland aktivt deltek.

Verda har teke reelle men dog utilstrekkjelege framsteg mot tusenårsmåla. Medan ekstrem fattigdom gjekk kraftig ned mellom 1990 og 2002 – frå 28% til 19% av befolkinga i utviklingsland, har framgangen vore ugjevn både innan og mellom regionar og land. I store delar av Asia, har økonomisk og sosial framgang løfta nær ein kvart milliard menneske ut av uavbroten fattigdom. Medan overgangsøkonomiane i austlege Europa og sentral-Asia har registrert oppgang, har fattigdomstala i vestlege Asia og nordlege Afrika blitt ståande. Og Afrika sør for Sahara har sakka mest akterut og er regionen som sannsynlegvis ikkje vil oppnå tusenårsmålet om å halvere ekstrem fattigdom innan 2015.

Det er såleis tydeleg at meir må gjerast for å bekjempe fattigdom og underutvikling. Doha forhandlingsrunden må skaffe tilveges friare og meir rettvis handel for alle. Industriland må oppfylle forpliktingane sine om offisiell utviklingsbistand (ODA) og gjeldssletting. Utviklingsland på si side burde prioritere tusenårsmåla og, om dei ikkje allereie har gjort det, utforme nasjonale strategiar for å oppnå desse. Dei burde dra nytte av ODA straumane for å styrke nasjonale kapasitetar på ein bærekraftig måte, med fokus på betre styresett og styrka lovstyre. Og land som allereie er på veg til å oppnå måla kan sikte høgare ved å utforme endå meir ambisiøse mål.

Diverre, forblir det ‘globale partnerskapet for utvikling’ meir eit uttrykk enn eit faktum. Dette må endrast. Alle nøkkelaktørane for utvikling – regjeringar, den private sektoren, sivilsamfunn og folk som lever i fattigdom – må gjere ein reelt samla anti-fattigdoms innsats som vil auke levestandardar og lette menneskeleg liding.

Kampanjen for å gjere fattigdom til historie – ei sentral moralsk utfordring for vår tid – kan ikkje forbli ei oppgåve for dei få, den må bli eit kall for dei mange. På denne internasjonale dagen for avskaffing av fattigdom, anmodar eg alle om å slutte seg til denne kampen. Saman, kan vi gjere verkeleg og tilstrekkjeleg framgang mot slutten på fattigdom.