Stoltenberg lanserar ny helsekampanje for fattige land

0
656

Statsminister Jens Stoltenberg møtte i går Storbritannia sin statsminister Gordon Brown for å lansere eit internasjonalt helsepartnerskap, melder Utanriksdepartementet. Stoltenberg møtte også helseministrar frå fleire afrikanske og asiatiske land, samt representantar frå åtte av dei største internasjonale helseorganisasjonane.

Dette initiativet er ledd i ein kampanje for å nå FN sine tre helseretta tusenårsmål – småbarnsdødsraten skal reduserast, dødsraten blant gravide og fødande skal reduserast, og aids, malaria og andre sjukdommar som trugar menneskeætta skal stoppast og drivast tilbake.

Det internasjonale helsepartnerskapet skal arbeide for betre og meir effektiv  helsebistand for fattige land ved å sikre betre koordinering av givarar, ved å fokusere på helsesystem som eit heile i staden for å fokusere på enkeltsaker, samt å utvikle og støtte opp om land sine eigne helseplanar.

Les heile pressemeldinga til Utanriksdepartementet her.