Ban Ki-moon: Dei fattige i verda må stå i fokus i 2008

0
650

2008 må verte det året då vi fokuserar på å hjelpe dei fattigaste av dei fattige, den milliarden menneske som vert utestengde frå den økonomiske veksten, sa FN sin generalsekretær Ban Ki-moon på måndag, under årets fyrste pressekonferanse.


Ban peika på at storparten av verdas fattige er busette i Afrika og delar av Asia, der dei prøver å overleve på under ein dollar om dagen. Nye idear er no naudsynte for å hjelpe desse landa med å nå tusenårsmåla før 2015 og dermed redusere fattigdom, svolt og sjukdomar. Halvvegs til sluttdatoen er framleis mange afrikanske land langt frå å nå måla.

I september kjem FN sin generalforsamling til å samlast til eit toppmøte med mål om å få fart på arbeidet for å nå tusenårsmåla. Her kjem dei aller fattigaste til å stå i fokus.

”I fjor nytta vi eit forum som dette for å samle støtte for arbeidet mot klimaendringane og å initiere avgjerder. I år skal vi gjere det same for dei aller fattigaste,” sa Ban.

Les meir om pressekonferansen her.
Les meir om arbeidet mot tusenårsmåla her.

UN Photo/Mark Garten