FN, Google og Cisco introduserar nytt verkty i kampen mot global fattigdom

0
665

Dei sameinte nasjonar (FN) har saman med Google og Cisco lansert ei ny webside for å fylgje framgangen mot Tusenårsmåla (MDGs) – dei amibisiøse måla verda har sett seg for å redusere fattigdom, svolt, sjukdom, lese- og skrivevanskar og andre sosiale problem innan 2015.

MDG monitor er ei webside som opplyser om ulike land sin framgang i arbeidet mot å nå tusenårsmåla. I tillegg til denne informasjonen, vil websida også kunne vere ein plattform for utdanning og agentur, med tilgang til den siste informasjonen innan tema som offentleg helse, utdanning og kvinnerettar.

Ban Ki-moon lanserte prosjektet på FN sitt hovudkvarter i New York på torsdag, og uttalte at verda no er trua av ei ”krisesituasjon for utvikling”, men at vi samstundes sit med dei midlane vi treng for å  halvere fattigdom. Generalsekretæren understreka vidare at oppnåinga av tusenårsmåla er fullstendig avhengig av politisk vilje.

I fylgje Ban sit vi ikkje med ein vidunderkur, men vi har ressurasane, kunnskapen og midlane som trengst for å oppnå tusenårsmåla. ”Å ha reiskapane til å nøye fylgje med på framgangen i arbeidet mot Tusenårsmåla er eit av dei viktigaste vilkåra for å lukkast.”

Kemal Dervis, administrator for FN sitt utviklingsprogram (UNDP) sa også at korrekt informasjon er vesentleg i kampanjen for å lukkast med å oppnå Tusenårsmåla.

Informasjon om framgangen mot Tusenårsmåla har til no ikkje vore samla på èin lett tilgjengeleg stad, la Dervis til. Han understreka rolla Google og Cisco har spelt i arbeidet med MDG Monitor, og la til at ”vi treng all den hjelpa vi kan få for å a styrke innsatsen vår, og partnarar som dykk er heilt naudsynte.”

MDG Monitor gjer det m.a. mogeleg for internettbrukarar å bruke Google Earth til å finne ut meir om kva som vert gjort i arbeidet med Tusenårsmåla rundt om i verda. Websida har også tilgang til ein mengde informasjon innsamla av FN på verdsbasis.

Websida vil gjere det mogeleg for meir enn 200 millionar Google Earth-brukarar å betre forstå Tusenårsmåla og kva som må til for å nå desse.

”Google sitt samarbeld med UNDP representerar trua på at Tusenårsmåla står for grunnleggjande menneskeleg utvikling,” sa Michael T. Jones, sjefsteknolog for Google Earth  and Maps.

Tusenårsmåla vart oppretta i 2000, då 189 land kom til semje om målretta, kvantifisert framgang i arbeidet mot ekstrem fattigdom og svolt, universell tilgang til skulegang, fremjing av likestilling og kvinnerettar, reduksjon av barnedød, betring av mødrehelse, kampen mot HIV/AIDS, malaria og andre sjukdomar, sikring av eit bærekraftig miljø, samt utvikling av eit globalt samarbeid for utvikling.