Generalforsamlinga vedtek at 15. September skal vere internasjonal dag for demokrati

0
680

Generalforsamlinga vedtok i dag at 15. september frå no av skal vere den internasjonale dagen for demokrati, ”som alle bør opplysast om, slik at vi kan hugse og feire denne dagen.”

Det var konsensus i generalforsamlinga om vedtaket, som anerkjente 2008 som den tjuande årsdagen for den internasjonale konferansen for nye eller gjenoppretta demokrati, noko som gir oss eit særskilt høve til å vie merksemd til fremjing og stadfesting av demokrati på alle plan. Forsamlinga vedtok difor å feire denne internasjonale dagen, og oppmoda alle medlemsland om å ta del på ein slik måte at ein kan auke almenn forståing.

Ved dette vedtaket, som vart lagt fram av Tyskland under ein livleg paneldebatt om nye eller gjenoppretta demokrati 5. november, stadfesta generalforsamlinga igjen at demokrati er ein universell verdi som byggjer på menneske sin vilje til å avgjere deira eigne politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle system. Det stadfesta også igjen at medan demokrati har nokre felles element, finst det ikkje èin enkel demokratimodell.

Forsamlinga oppmoda vidare styresmakter om å styrke nasjonale program som fremjar og konsoliderar demokrati, også m.o.t. bilateralt, regionalt og internasjonalt samarbeid. Generalforsamlinga oppmoda også Generalsekretæren om å betre FN sin kapasitet slik at organisasjonen betre kan støtte medlemsland i arbeidet mot godt styresett og demokratisering.