Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale dagen for avskaffing av vald mot kvinner

0
139
Vald mot kvinner er fortsatt eit av dei mest grufulle, systematiske og  rådande brot på menneskerettar i verda. Det er eit trugsmål mot alle kvinner, og eit hinder for innsatsen vår på område som utvikling, fred og likestilling i alle samfunn.

Mange land har oppnådd betydelege framsteg når det gjeld lovendringar, policy, praksis samt haldningar som tidlegare har vore med på å leggje grunnlaget for straffridom for denne foraktelege forbrytinga. Men det står fortsatt mykje att å gjere for å bryte ned sløret av toleranse som nokre gongar omsluttar desse handlingane.

I det siste året har innsatsen vår krevd ny standhaftigheit. I etterkant av forgjengaren min si inngåande gransking i 2006, vedtok FN si generalforsamling eit banebrytande vedtak om å styrke innsatsen for å avskaffe alle typar vald mot kvinner. FN-familien aukar no innsatsen sin på alle nivå – frå nye initiativ i dei regionale kommisjonane til betre koordinering og programmering på landsnivå. Tiltak er undervegs for å auke almenn medvit, byggje politisk vilje og sørge for effektive responsmekanismar. Vi arbeider også med forslag for å hjelpe statar med å evaleuere omfang, førekomst og hyppigheit av vald mot kvinner, samt måtar å respondere meir effektivt på.

For å  bringe all denne innsatsen saman, har eg bestemt meg for å gå i spissen for ein kampanje fram mot 2015 for avskaffing av vald mot kvinner. Kampanjen vil fokusere på tre hovudområde: global pådrivarverksemd, FN-leiarskap som døme, og styrka samarbeid på nasjonale og regionale nivå for å støtte opp om arbeidet til regjeringar, sivilt samfunn, det private næringsliv og andre. Eg har føreslege at generalforsamlinga kvart år viar eit punkt på dagsordenen til spørsmålet om vald mot kvinner. Og eg har bede tryggleiksrådet om å eteblere ein mekanisme dedikert til overvaking av vald mot kvinner og jenter, innanfor rammeverket til resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik.

I alt dette trur eg at vi kan samle støtte frå forslaget om å styrke FN sin kjønnsoppbyggjing, som vart presantert av FN sitt høgnivåpanel om System-wide Coherence. Eg trur vi kan fremje saka vår betydeleg ved å erstatte fleire av dei noverande strukturane våre med èi dynamisk FN-einig. Eit slikt nytt organ bør vere i stand til å ta i bruk alle ressursane i FN-systemet i arbeidet for å sikre kvinner sine rettar og global likestilling for kvinner og menn. Det bør mobilisere krefter for endring på globalt nivå, og inspirere betra resultat på landnivå.

Vald mot kvinner er alltid eit brot på menneskerettane; det er altid ei forbryting, og det er alltid uakseptabelt. Lat oss forhalde oss til dette spørsmålet med det alvoret det fortener – ikkje berre på denne internasjonale dagen, men kvar dag.