GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR AVSKAFFING AV SLAVERI, 2. desember 2006

0
621

25. mars 2007 vil verda markere 200-års jubileet for avskaffinga av slavehandel i dei britiske koloniane. Denne milepælen vil vere ei kraftfull påminning om århundre med kamp og framgang i bekjempinga av slavery – men óg om det faktum at vi framleis ikkje har klart å avskaffe det fullstendig. Samtidas former for slavery – frå bunde arbeid til traffikering av menneske – blomstrar som eit resultat av diskriminasjon, sosial ekskludering og sårbarheit forverra av fattigdom. På grunn av våre mislykka tiltak for lette på fattigdommen, forsvare menneskerettane, og effektivt svare på rettsleg immunitet, har potensielle offer vore ute av stand til å skytte seg sjølve mot utnytting og misbruk.

Bevegelsen mot slaveri var den første kampanjen til å samle det internasjonale samfunnet i kampen mot grove brot på menneskerettane. Den demonstrerte kor effektiv mobiliseringa av opinionen kan vere når saka er overbevisande nok, og ikkje gjer rom for kompromiss.

Vi må fortsette denne kampen idag. Eg ber alle land om å ratifisere dei internasjonale instrumenta mot slaveri og samarbeide fullt med alle relevante internasjonale menneskerettsmekanismar. Eg anmodar dei om å bruke desse verktya meir, slik som Prinsippa og Rettingslinjene for menneskerettar og traffikering av menneske. Eg appellerar til dei for å bidra på generøst vis til FN sitt Frivillige fond for samtidas former for slaveri, slik at vi kan fortsette å hjelpe offer. Eg bønnfell dei om å auke tiltaka for å avskaffe den rotfesta fattigdommen som fortset å utsette våre medmenneske for slaveri. Og eg oppmuntrar folk overalt til å halde sine eigne regjeringar ansvarlege.

La oss på denne internasjonale dagen love å bruke historielærdomen vi har tileikna oss til å frigjere våre medmenneske frå slaveri.