GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR REDUKSJON AV OMFANGET AV NATURKATASTROFER, 11.oktober 2006

0
132

Temaet for årets markering av den internasjonale dagen for reduksjon av omfanget av naturkatastrofer, ‘Reduksjon av risikoen for naturkatastrofer byrjar på skulen’, understreker naudsynet av å skape tryggleik for borna våre og involvere dei direkte i arbeidet vårt for å styrke beredskapen til naturkatastrofer.

Born er særskildt utsatte for trusslane som naturen kan innebære. Samstundes kan dei vere kraftfulle aktørar for forandring, om dei er velutstyrte med kunnskap om beredskap, for handlingar i høve åtvaringar og for korleis ein skal redusere risikoar heime og i samfunnet rundt dei. Det er difor naudsynt å inkludere læring om risikoar ved naturkatastrofer som ein komponent av den nasjonale undervisningsplanen, og sikre at born forstår korleis farer i naturen og miljøet påverkar kvarandre. Unge menneske bør óg vere inkluderte i samfunnet sine risikoplanøvingar, og såleis ha høve til å dele erfaringar og gode råd med jamaldringar og andre. Skulebygningar bør óg sikrast slik at dei betre kan stå imot naturkreftene.

I løpet av det siste tiåret har katastrofer som fylgje av farer i naturen krevd meir enn 600 000 liv og påverka meir enn 2.4 billionar menneske, flesteparten av desse i utviklingsland. Årevis med utviklingsgoder har gått tapt, fattigdom har vokse for millionar av menneske og såleis utsett desse endå meir vis-à-vis framtidige naturkatastrofar. Det er no naudsynt, meir enn nokon gong før, å auke tiltaka våre for å redusere sårbarheit.

Med dette målet i sikte, har det internasjonale samfunnet forplikta seg sjølv til prioriteringane sett fram i Hyogo handlingsrammeverket 2005-2015: Oppbygging av nasjonar og samfunn si robustheit. Den internasjonale strategien for reduksjon av omfanget av naturkatastrofer (ISDR) –eit globalt system som omfattar ei lang rekkje aktørar –kjempar for å betre koordinasjonen og mobiliseringa av ressursar. På denne internasjonale dagen for reduksjonen av omfanget av naturkatastrofer, ber eg regjeringar og alle relevante aktørar –frå lærarar til forretningsverksemder til sivil samfunn –å svare på borna og alle andre sårbare grupper i utsatte områder sine naudsyn.