WMO: Ny klimaallianse kan hjelpe milliardar av fattige

0
704
Eit planlagd samarbeid mellom EU og utviklingsland kan kome til å hjelpe fleire millionar fattige med å takle effektane av klimaendringar, melde leiaren av FN sin organisasjon for ver og klimaspørsmål i går.

”Klimaendringar er eit globalt spørsmål, men verda sine minst utvikla og fattige land er dei som er mest sårbare i høve til dei mogelege effektane av klimaendringar,” sa Michel Jarraud, generalsekretær i Verdas Meterologiske Organisasjon (WMO).

”Difor wil eit samarbeid med EU, på same måte som den globale klimaendringalliansen (GCCA), vere eit framsteg, sidan fordelene også her vil vere globale,” sa Jarraud til deltakarar på eit arrangement i samband med dei europeiske utviklingsdagane i Lisboa, Portugal.

Jarraud ynskte velkomen initativet om å opprette ein global klimaendring-allianse mellom EU og dei fattige utviklingslanda som er mest utsette for effektane av klimaendringar. Initiativet kom frå den europeiske kommisæren for utvikling og humanitær bistand, Louis Michel. 

Det er dei minst utvikla og mest sårbare landa, samt mindre nyutvikla land som kjem til å verte hardast råka av klimaendringar.

“Desse landa har langt færre ressursar til å førebu seg deretter,” sa Jarraud. ”Dersom folkesetnadar må forlate levebrødet sitt grunna auka havnivå eller mangel på drikkevatn, til dømes, vil millionar verte tvungne til å utvandre til andre deler av verda, inkludert Europa.”

Det nye initiativet kan hjelpe millionar av menneske i utviklingsland med å handtere  verknadane av klimaendringar, som t.d. vassmangel og migrasjon.

Som del av mandatet sitt, er det WMO si oppgåve å hjelpe land, særskilt utviklingsland, med å døyve og tilpasse seg klimaendringane, samt å førebyggje at  ekstreme verftilhøve utviklar seg til naturkatastrofar.

Du kan lese meir om WMO her.