Noreg gir stønad til nytt klimatiltiltak

0
649

Noreg vart i dag den siste deltakaren i Forest Carbon Partnership Facility, som vart lansert denne veka, under klimakonferansen på Bali. Noreg sin stønad er på 5 millionar dollar, og initiativet har no motteke til saman 165 millionar dollar.

Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) vil arbeide for å redusere avskoging og degradasjon. Målsetjinga er at utviklingsland skal tene pengar på å la skogane sine stå i fred.

-Noreg har vore ein viktig samarbeidspartner for Verdsbanken på ei rekkje område, så vi er svært glad for at Noreg no har teke dette steget, sa presidenten i Verdsbankgruppa, Robert B. Zoellick, i ei uttaling.

-Det er eit teikn på Noreg sitt urokkelege engasjement i utviklingssamanheng. Enten det er snakk om helse, skog eller andre område, Noreg spelar ei leiande rolle, og vi set svært stor pris på dette samarbeidet.

-For meir enn eit tiår sidan spelte Noreg ei nøkkelrolle då dei saman men Verdsbanken oppretta det fyrste globale karbonfondet (the Prototype Carbon Fund), og dei er no eit av dei fyrste ti landa som tek del i det banebrytande Forest Carbon Partnership Facility.

-Noreg er nøgde med å kunne vere med å finansiere dette nyskapande initiativet, og håpar at andre land no gjer det same. Eg håpar også at det vil føre til større grad av privat finansiering, seier Miljø- og utviklingsminister Eirik Solheim.

30 utviklingsland har til no uttrykt interesse for å ta del i FCPF.