Statsbudsjettet: Noreg aukar bistanden med 1,5 milliardar kroner

0
650

I statsbudsjettet for 2008 kjem det fram at Noreg vil auke støtta til bistand med 1,5 milliardar kroner. Norsk utviklingshjep vil dermed kome opp i 22,3 milliardar kroner totalt, noko som utgjer 0,98 prosent av brutto nasjonalprodukt. Av auka vil 988 millionar kroner gå til regjeringa sine fem prioriterte hovudspor.

480 millionar kroner vi gå til regjeringa si satsing på klima og miljø i utviklingssamarbeidet. Dette omfattar internasjonale klimainitiativ, m.a. rein energi for å hindre avskoging, klimaforsking og næringslivssamarbeid.

Regjeringa ynskjer også å trappe opp arbeid innnan fredsbyggjing, menneskerettar og humanitær bistand. Til saman vil bistanden til freds- og forsoningsarbeid, menneskerettar, demokrati og humanitær bistand vere på over 4,4 milliardar kroner i 2008. FN står sentralt i Noreg sin innsats for fred og humanitært arbeid, og Noreg er ein viktig støttespelar for FN sitt naudhjelpsfond (CERF). Regjeringa ynskjer også å auke støtta til FN sin høgkommisær for flyktningar med 70 millionar kroner.

Regjeringa ynskjer også å auke bistanden til utvikling og fredsbyggjing i land som nyleg har kome ut av ei krise eller konflikt.

-Gjennom vår støtte til blant anna FN sit fredsbyggjingsfond ynskjer vi å bidra til at land som nyleg har kome seg ut av borgarkrig eller anna krise, raskt kan få hjelp til i kome i gang med gjenoppbyggjinga av landet. Dette er svært viktig for å stabilisere freden og for å leggje til rette for naudsynt utvikling, seier utviklingsminister Erik Solheim.

Arbeid med å styrke kvinner si utvikling i utviklingsland, samt kampen mot korrupsjon og for godt styresett får også auka støtte. I tillegg skal støtta til olje-og energisamarbeid med utviklingsland aukast.

Les regjeringa sine pressemeldingar på dei ulike områda her.