Svensk FN-utsending til Irak

0
64

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon opplyste i går om at den svenske diplomaten Staffan de Mistura vert FN sin nye spesialutsending til Irak. Det er venta at de Mistura tek over stillinga 4. november, når noverande spesialutsending Ashraf Qazi går over til å bli FN-utsending i Sudan.

De Mistura arbeider for tida som leiar for United Nations System Staff College i Turin, Italia. Han har arbeidd for FN i meir enn 30 år og har tidlegare hatt oppdrag i Irak, Libanon, Somalia, Nepal og på Balkan.