GEO-4: Ny rapport frå FN sin miljøorganisasjon

0
625
FN sin miljøorganisasjon (UNEP) lanserte i dag rapporten Global Environment Outlook (GEO 4): Environment for Development i Brussel.

GEO-4 kjem ut 20 år etter at Brundtland-kommisjonen lanserte rapporten Vår felles framtid. GEO-4, som er den siste av UNEP sine rapportar om den globale miljøsituasjonen, tek for seg den noverande tilstanden til den globale atmosfæren, land, vatn og biomangfald, og skildrar dei endringane som har funne stad i løpet av dei siste to tiåra. Rapporten rosar framgangen i handteringa av nokre av dei store miljøproblema.

Men rapporten kjem også med ei viktig åtvaring. Sjølv om det har vore framgang når det gjeld nokre av problema med eksisterande løysingar, som forureining og vatn, står der fortsatt att det GEO-4 sine forfattarar kallar ’dei vedvarande promlema med komande løysingar’ – til dømes klimaendringar og utrydding av dyreartar. Når det gjeld framgang i å løyse desse problema, seier rapporten at ”ingen av dei store problema som vert teke opp i Vår felles framtid ser ut til å verte løyste i nær framtid.”

Storleiken på ufordringa er enorm. Utslepp av drivhusgassar vil i fylgje somme ekspertar måtte reduserast med opp mot 50% innan 2050, samanlikna med nivået i 1990. Dette betyr at utslepp må reduserast med 60-80% innan 2050 for industriland, med store kutt også for utviklingsland, dersom dei godtek utsleppsavtalar.

Forfattarane av GEO-4 understrekar at rapporten ikkje byggjer på eit ynskje om å teikne eit dystert bilete av framtida. Rapporten må heller oppfattast som ei bøn om umiddelbar handling.

Les meir om rapporten her.