60 000 flyktningar i den austlege delen av DR Kongo mottek bistand frå UNICEF

0
648

Kamphandlingar i Nord-Kivu truar no liva til mange born i DR Kongo, der titusenvis av born har måtte flykte dei siste vekene. Mange av borna har kome vekk frå foreldra sine, og tusenvis av born fekk ikkje høve til å starte skuleåret, som byrja forrige veke.

”Dei største offera i den forverra tryggleikssituasjonen i Nord-Kivu er borna,” seier Anthony Bloomberg, UNICEF sin representant i DR Kongo. Spredning av meslingar og kolera gjer det endå farlegare for born i flyktingeleirane rundt Goma, hovudstaden i Nord-Kivu-provinsen. UNICEF DRC tilbyr no ulike former for bistand til rundt 60 000 menneske i Muganga og Minova, Nord-Kivu.

UNICEF sin bistand består av distrubusjon av vatn, latriner, telt, sengetøy og kjøkenutstyr. Vaksinasjon mot meslingar og stivkrampe er også tilgjengeleg for born og gravide. 2000 born har vorte undersøkt for feilernæring, 277 får no tilleggsføde, og 35 feilernærerte born har vorte vidaresendt til anna behandling. UNICEF utvidar også skulefasilitetar for å kunne tilby skulegong til born på flukt i og rundt Goma.

Sidan november i fjor har UNICEF, i samarbeid med andre FN-organisasjonar, hjulpe 350 000 flyktningar i området. Likevel står fortsatt storparten av flyktningane i DRC utan bistand. ”Vi burde nå fram til fleire born, så raskt som mogeleg for å redde liv. Men tilgang og usikkerheit gjer dette vanskeleg,” seier Bloomberg.

Les meir om UNICEF sitt arbeid i DR Kongo her.