Ban Ki-moon på Bali: Vi kan ikkje feile

0
155

-Verda sine auge er no retta mot leiarane til stades på klimatoppmøtet på Bali, sa FN sin generalsekretær Ban Ki-moon på onsdag då ha innleia den andre delen av konferansen, ministerforhandlingane.

Ban oppmoda leiarane om å ta ansvar, og sa samstundes at det å ikkje lukkast ville vere eit svik mot verda. Han understreka vidare at klimaendringane er den største utfordringa i vår tid.

Målsetjinga med konferansen er å kome til semje om å byrje forhandlingar om ein ny klimaavtale som skal erstatte Kyotoprotokollen når denne går ut i 2012. Møtet har samla 144 ministrar og regjeringsrepresentantar, 6 statsleiarar og til saman 11 000 deltakarar.