FN ber om 42 millionar i bistand til Kenya

0
113

FN sin undergeneralsekretær for humanitære spørsmål, John Holmes, kunngjorde på onsdag at verdsorganisasjonen no ber internasjonale donorar om 42 millionar dollar til humanitær bistand til menneske råka av valden i Kenya.

Ein halv million kenyanarar treng no hjelp, og pengane trengst m.a. til mat, vatn og midlertidige bustader. I fylgje Holmes kjem kring 10 millionar dollar til å verte nytta til matbistand og rundt 6,5 millonar til midlertidige bustader for dei hundretusenvis som har vorte drivne på flukt.

Meir enn 600 menneske har vorte drepne i Kenya sidan uroa byrja i slutten av desember, i samband med det omstridde presidentvalet i landet.

Les meir her.