FN sitt klimapanel: Rapport oppmodar om raske avgjerder

0
641

FN sitt klimapanel IPCC har no presentert sin fjerde og samanfattande rapport om klimaendringar, i samband med klimakonferanse in Valencia i Spania. Bodskapen er den sterkaste hittil. I fylgje IPCC-rapporten er det meir ein 90 prosent sikkert at menneskeleg aktivitet er ein av hovudårsakene bak den globale oppvarminga. IPCC hevdar at den sannsynlege temperaturauken vil kome til å liggje mellom 1,8-4 grader, men at den kan kome til å nå 6,4 grader.

”Verda er no på randa av ein katastrofe,” åtvara FN sin Generalsekretær Ban Ki-moon. I fylgje rapporten må verda sine samla utslepp byrje å minke seinast i 2015 om vi skal klara å stoppe den globale oppvarminga ved 2 grader.

5. desember innleiast eit stort klimatoppmøte på Bali, der målsetjinga er å utarbeide ein internasjonal avtale som skal ta over når Kyotoprotokollen utgår i 2012.

IPCC-rapporten er eit samandrag av dei ca 3000 sidene FN sitt klimapanel har publisert hittil i år. Over 3000 forskarar frå rundt 130 land har teke del i prosessen, som har vart i seks år. Tidlegare i år har IPCC lagt fram tre klimarapportar: Den fyrste kom i byrjinga av februar og omhandla effekten av global oppvarming. 6. april vart den andre rapporten presentert i Brussel, og såg på effekten av klimaendringar, og måtar vi kan tilpasse oss dette. Den tredje rapporten vart lansert i Bangkok 4. mai og såg nærare på kva avgjerder som no må takast.

Les meir om IPCC og møtet i Valencia her.