GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR FRIVILLIGE, 5. desember 2006

0
651

Kvar dag viser millionar av frivillige – trass fattigdom og hat, apati og dei tilsynelatande ugjennomtrengelege utfordringar vi står ovanfor – at folk kan endre verda til det betre.

Moraloppfatning deira gjer til at frivillig arbeid er eit av dei mest synlege og velkomne kjenneteikna av globalt borgarskap. På både store og små måtar transformerer frivillige samfunna sine og verda vår. I denne tidsepoken med aukande problem utan grenser – frå HIV/AIDS til traffikering av både menneske og smuglargods – gjer dei oss fotfesta løysingar på menneskeheita sine mest påtrengande behov.

Idag finst det ikkje noko viktigare behov enn det å oppnå tusenårsmåla innan den tidsramma vi har sett. Verda idag har både ressursane og visjonen som trengst for å gjere fattigdom historie, sette ein stoppar for svolt og skape utvikling for alle. Trass dette har framgangen vore ujamn både innanfor og på tvers av landegrensene. Frivillige sine innsatsar kan hjelpe å fylle holet mellom deklarasjonar og leveranse, samt supplere dei breiare nasjonale og internasjonale tiltaka for å nå desse måla.

Frivillig arbeid er utan tvil gjevande i seg sjølv. Men den internasjonale dagen gjer oss høve til å minne alle som usjølvisk arbeider for å betre verda vi bur i om at bidrag deira vert anerkjende. På den siste internasjonale dagen for frivillige min som generalsekretær vil eg gje uttrykk for mi oppriktige takksemd for alle menn og kvinner som deler sine ferdigheiter og talent med verda, og håpar at mange fleire vil fylgje i deira fotspor.