Generalsekretæren reiser til Sveits, Aust-Europa og Afrika

0
675

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon reiser i kveld frå New York, og byrjar ei rundreise som vil ta han til Sveits, Aust-Europa og Afrika.

I morgon møter Ban Jacques Rogge i Lausanne, Sveits. Rogge er president i den internasjonale olympiske komitè (IOC) . Ban ynskjer å diskutere samarbeid mellom dei to organisasjonane i arbeidet for å nå humanitære og utviklingsretta mål.

Ban og Rogge vi rådslå om korleis idrett kan støtte opp om arbeidet med å nå tusenårsmåla(MDGs), som er ein global avtale om å kraftig redusere fattigdom, svolt, sjukdom og mangel på utdanning innan 2015.

Generalsekretæren kjem også til å reise til Geneva i morgon, der han vil vitje FN-kontoret for høgkommisæren for menneskerettar (OHCHR), som lanserar ei rekkje arrangement i samband med at den universelle deklarasjonen for menneskerettar fyller 60 år.

Onsdag planlegg Ban å tale til Konferansen om nedrustning, samt å ta del i ei minnestund for dei som mista livet etter terrorangrepet i Algiers, Algeria forrige månad.

Generalsekretæren vil også ta del i World Economic Forum i Davos.

Under den fyrste offisielle turen sin til Aust-Europa, vil Ban reise til Slovenia, som no held presidentskapet i EU, om kvelden 25. januar. Etter dette vil han reise vidare til Slovakia.

Generalsekretæren vil så reise vidare til Kigali, Rwanda, der han vil tale på Genocide Memorial, før han flyr til Addis Abeba i Etiopia, der han vil tale under opninga av AU-toppmøtet 31. januar.