Generalsekretæren rosar internasjonalt samarbeid for å redde ozonlaget

0
644

Kampen for å gjenopprette ozonlaget er ”eit døme på vellukka internasjonalt samarbeid,” sa FN sin generalsekretær Ban Ki-moon på den internasjonale dagen for bevaring av ozonlaget, 16. september.

Utslepp av stoff som bryt ned ozonlaget har gått drastisk ned dei siste 20 åra, både i rike og fattige land. Då Montreal-protokollen vart underskrive i 1987, med mål om å redusere utsleppa av ozonnedbrytande kjemikaliar, vart rundt to millionar tonn slike stoff sluppe ut i atmosfæren kvart år. I dag har dei industrialiserte landa lukkast i å  kvitte seg med nesten alle desse stoffa, og i utviklingsland har utsleppa vorte redusert med over 80 prosent.

Generalsekretæren konstaterte at dette har fleire fordelar, ettersom fleire av kjemikaliane medverkar til den globale oppvarminga. ”Den dramastiske reduksjonen av desse stoffa er med på å styrke kampen mot klimaendringar."

Les heile bodskapen til generalsekretæren her.