Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale AIDS-dagen

0
661
Temaet på den internasjonale AIDS-dagen dette året er leiarskap. Utan leiarskap vil vi aldri klare å kjempe imot denne epidemien.

AIDS er ein sjukdom ulik nokon anna. AIDS er eit sosialt spørsmål, eit spørsmål om menneskerettar, og eit spørsmål om økonomi. Det  verkar inn på unge vaksne, i ei tid då dei burde bidra til økonomisk utvikling, intellektuell utvikling, og barneoppdragelse. AIDS rammar kvinner til ein endå større grad enn menn. Epidemien har gjort millionar av born foreldrelause. Det gjer mot samfunnet det HIV gjer mot menneskekroppen – det reduserar uthaldenheit og svekkar kapasitet, hindrar utvikling og truar stabilitet.

Dette treng ikkje å skje. Vi har midlane til å førebyggje at unge menneske vert smitta. Vi har ressusane til å behandle dei som er smitta. Vi har midlane til å sørge for omsorg og støtte.

Vi har oppnådd synleg og merkbar framgang på alle desse områda. Men vi må gjere meir. Sjølv om ny informasjon viser at global førekomst av HIV har jamna seg noko ut, er tala fortsatt svimlande. Det er vårt ansvar å sikre at alle har tilgang til HIV-førebyggjing, behandling, omsorg og støtte – kvar dei enn bur, kva dei enn gjer. Dette inkluderar også dei som lever i utkanten av samfunnet  — innvandrarar, sex-arbeidarar, sprøytebrukarar, og menn som har sex med menn. Det inkluderar også alle andre — dei som arbeider i regjeringar, bankar, advokatkontor, skular og internasjonale organisasjonar.

For å nå alle desse gruppene, er det det å overvinne stigma ein av dei viktigaste utfordringane våre. Dette er fortsatt det aller største hinderet for offentleg handling mot AIDS. Det er også ein av grunnane til at epidemien fortset å spre øydeleggjing rundt om i verda.    

I dag oppmodar eg om fornya leiarskap i arbeidet mot stigma i samband med HIV. Eg ynskjer å rose alle dei modige menneska som lever opent med HIV, som kjempar for rettane til HIV-poitive menneske, som opplyser andre om AIDS. Eg oppmodar om leiarskap frå styresmakter, for å skikkeleg forstå epidemien, slik at ressursane går der dei trengst. Og eg oppmodar om leiarskap på alle nivå for å trappe opp arbeidet for universell tilgang til HIV-førebyggjing, behandling, omsorg og støtte innan 2010 – som styresmakter lova i fjor. Vi har berre to år att før vi når den datoen. Vi er nøydde å vise leiarskap no.

Som generalsekretær er eg fast bestemt på å leie FN-familien i dette arbeidet – for å sikre at vi prioriterar handling mot AIDS, at vi oppmodar medlemsstatar til å prioritere dette spørsmålet på nasjonale og internasjonal dagsordnar, og til å arbeide for å gjere FN til eit døme på korleis arbeidsstaden bør takle AIDS.

Uansett kva rolla vår er i livet, og kvar vi enn bur, på ein eller anna måte lever vi alle med HIV. Vi vert alle berørte av det. Vi treng alle å ta ansvar for korleis vi handterar det. På denne internasjonale AIDS-dagen, lat oss vise det leiarskapet som er naudsynt for å ta det ansvaret.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.

Les meir om UNAIDS her.