Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale dagen for ikkje-vald

0
646

Dei sameinte nasjonar (FN) vart oppretta i håp om at menneskeslekta ikkje berre kunne ende krigar, dei kunne til slutt gjere krigar unaudsynte. Grunnleggjarane våre håpa at organisasjonen kunne vere med på å hindre vald ved å spre ein fredskultur, og å fremje toleranse og respekt for mennesket.

Desse same ideala oppsummerar arven etter Mahatma Gandhi, og det er hans fødselsdag vi feirar i dag. Gandhi sin fredelege kamp mot urettferdige regime i Sør-Afrika og India fanga verda si merksemd. Ved å innlemme ikkje-vald i kvardagslivet, inspirerte han eit utal menneske til å leve betre, meir meiningsfylte liv.

”Ikkje-vald er den fyrste artikkelen i trua mi. Det er også den siste artikkelen i truvedkjenninga mi,” var Gandhi sitt svar då han vart tiltala for opprør mot staten i 1922.

I dag treng vi Gandhi sin inspirasjon meir enn nokon gong. Rundt oss ser vi samfunn som i aukande grad slit med intolaranse og kryss-kulturell konflikt. Vi ser ekstremistisk tru og valdelege idologiar få fotfeste, medan moderate krefter er i tilbakegang.

Den siste tida har vi vore vitne til at dødeleg makt vert brukt mot uvæpna og ikkje-valdelege demonstrantar som set Gandhi sin lærdom ut i livet .

I dag er det heilt naudsynt å gjere noko med desse tendensane, og å fremje ekte toleranse og ikkje-vald på alle nivå, frå det individuelle til det statlege.

Den internasjonale dagen for ikkje-vald kan hjelpe oss å fremje dette arbeidet. Vi håpar den kan vere med å spre Gandhi sin bodskap om ikkje-vald til eit endå større publikum, og framskunde ei tid der kvar dag er ein dag for ikkje-vald.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.