Generalsekretæren utnemner fire nye fredsbodberarar

0
636

På den internsasjonale fredsdagen, 21. september, utnemnde FN sin generalsekretær Ban Ki-moon fire nye fredsbodberarar; H.K.H. Prinsesse Haya Bint Al Hussein av Jordan, den argentisk-israelske dirigenten og pianisten Daniel Barenboim, forfattaren Paulo Coelho samt den japansk-amerikanske fiolinisten Midori Goto.

FN sine fredsbodberarar er personar som har utmerka seg innanfor kunst, litteratur, musikk eller sport. Som fredsbodberarar har dei som oppgåve å setje fokus på FN sitt fredsarbeid.

Les meir om FN sine fredsbodberarar her.