GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONAL MIGRASJONSDAGEN, 18.desember 2006

0
630

Migrasjon er eit sterkt uttrykk for eit individ sin vilje til å overkomme motgang og søkje eit betre liv. I løpet av dei siste ti åra har betra reise og kommunikasjonsinnrettingar auka talet på folk med både ynskje om og kapasitet til å flytte til andre stader.

Denne nye æraen av mobilitet har skapt moglegheiter for samfunn verda over, så vel som nye utfordringar. Den har óg skapt merksemd rundt den sterke samanhengen mellom internasjonal migrasjon og utvikling.

Bevis for dei potensielle godene frå migrasjon aukar. Dei rundt $167 milliardane sende  av migrantar frå utviklingsland tilbake til deira familiar i fjor overgår lett den totale internasjonale bistanden. Migrantar brukar i tillegg sine ferdigheiter og ekspertise til å vidareføre teknologi, kapital og institusjonell kunnskap. Dei skaper såleis ei dynamisk menneskleg binding mellom kulturar, økonomiar og samfunn.

Diverre har migrasjonserfaringa óg utvikla seg i mindre positive baner. Eit aukanda tal migrantar vert utnytta og misbrukt av smugglarar og traffikantar. Andre lid frå diskriminering, xenofobi eller rasisme. I nokre tilfeller vert migrantar demoniserte som ein byrde for deira vertssamfunn sjølv når objektive evalueringar viser det motsatte.

Internasjonalt samarbeid kan spele ei avgjerande rolle i å stoppe slikt misbruk. Sist september understreka høg-nivå dialogen om internasjonal migrasjon og utvikling i FN-generalforsamlinga ei hovudgruppe av prioriteringar felles for alle FN-medlemslanda. Desse strekkjer seg frå sikring av menneskerettane for migrantar og førebyggjing av utnytting og folkesmuggling til auking av utviklingsutbytte frå internasjonal migrasjon og sikring av harmoniske forhold mellom samfunn frå ulike opphav side om side innan det same samfunnet eller landet.

Mange viktige garantiar er óg innbefatta i konvensjonen om skyttinga av rettane til alle migrantarbeidarar og deira familiemedlemmar. Likevel har dei fleste landa framleis att å fylgje opp traktatet. På denne internasjonale migrasjonsdagen ber eg alle medlemsland som endå ikkje har gjort det om å signere og ratifisere konvensjonen, og uansett sørge for at alle migrantar har dei rettane og den skyttinga dei treng og fortener.

Idag er meir folk påverka av internasjonal migrasjon enn nokonsinne i historia. La oss arbeide saman for å sikre at denne globale trenden er til nytte for alle den gjeld –opphavs- og mottaksland, samt migrantane sjølve.