GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE ALFABETISERINGSDAGEN, 8. september 2006

0
152

Lese- og skriveferdigheiter støttar utvikling. Dette er temaet for årets internasjonale alfabetiseringsdag. Dagen gjer merksemd til at høgare lese- og skriveferdigheitstal er naudsynte for økonomisk vekst, utrydding av fattigdom, sosial deltaking og miljøvern. Den minnar oss om at alfabetisering utgjer ein platform for utviklinga av mennesklege ressursar i samfunnet.

Alfabetisering startar med utdanning på grunnskulenivå, og universell tilgang til grunnskulegang innan 2015 er eit av tusenårsmåla. Likevel er grunnskulegang ikkje tilgjengeleg for kvart einaste born, det fins meir enn 100 millionar jenter og gutar som aldri startar på skulen. Sjølv for dei som startar, er det mogleg at kvaliteten på grunnskuleundervisninga er så dårleg at den fører til kun ei svak evne til grunnleggjande lesing og skriving. Medan offisielle statistikkar viser at talet på analfabetar er høgare enn 770 millionar, inkluderer ikkje dette fleire millionar av dei som er dårleg utstyrte til å takle vidare læring, kjennskap og kommunisering i kvardagen.

Utviklinga i mange delar av verda har, etter alt å dømme, endå ikkje levert eit av dei viktigaste resultata –fleire lese-og skrivekundige og betre utdanna folk. Desse samfunna vert samstundes fråstolne eit viktig verkty for utvikling –eit verkty som gjer personar høve til å dra nytte av utsikter for ny læring, svare på skiftande arbeidskrav, påta seg større ansvar, byggje deira eigen veg ut av fattigdom og skytte seg mot sjukdommar – særskild HIV/AIDS. Kvinner og jenter som er nekta lese- og skriveferdigheiter manglar eit viktig våpen for å kunne frigjere seg sjølve frå ulikskapar og diskriminering. Lese- og skriveferdigheiter er fridom, slik vi blir påminna av det samla temaet for  FN sitt tiår for alfabetisering (2003-2012).

Lik ei dyrebar gåve, kan lese- og skriveferdigheiter støtte utvikling berre om dei sjølve er støtta –av oppfylgjingsprogram, vidare høve til utdanning og opplæring, og etablering av ‘lese- og skrivekundige miljø’ der slike evner kan vekse. La oss på denne internasjonale dagen gje lovnad om å auke dei nasjonale og internasjonale tiltaka for betra lese- og skriveferdigheitsnivå verda over. La oss gje lese- og skriveferdigheiter ein verkeleg sjanse til å transformere individ og samfunn verda rundt. 

Kofi A. Annan