GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR ELDRE

0
138

1.oktober 2006

I det tiande og siste året mitt som generalsekretær, etter ei heil arbeidskarriere i FN-tenesta, har eg personlege interesser i dei eldres skjebne og oppfyllinga av deira aspirasjonar. Men eg er berre ein av dei 600 millionar personane over 60 år her i verda. Faktisk har heile menneskeætta interesse av å oppfordre og gjere det lettare for ein produktiv, aktiv og sunn aldringsprosess, ettersom folk på tvers av kloden lever stadig lengre. Heile verda har utbytte av ein styrka eldre generasjon. -Ein generasjon med potensial for enorme bidrag til utviklingsprosessen og arbeidet med å skape fredelegare, meir fruktbare og bærekraftige samfunn.

Difor er ‘Betring av livskvaliteten for dei eldre: framming av FN sine globale strategiar’ årets tema for den internasjonale dagen for eldre. Temaet er eit kall til alle samfunn for å arbeide fram mot program og handlingsplanar som vil styrke eldre personar til å kunne leve i omgjevnader som forbetrar deira kapasitetar, frammar deira sjølvstende og tilbyr tilstrekkjeleg støtte og omsorg i det dei aldrast.

Dette innebær ein stad å bu, transport og andre levekår som gjev folk sjansen til å halde på deira sjølvstende så lenge som mogleg, og ‘aldrast heime’ –samstundes som ein held fram som aktiv – innan for eigne samfunn. På lik linje, tyder dette anerkjenning og respekt for dei eldre si verdigheit, autoritet, visdom og produktivitet i alle samfunn, særskild i rollene som frivillege og støttespelarar på tvers av generasjonane. Dette krev i sin tur framminga av eit meir positivt bilete av aldring.

På årets internasjonale dag for eldre, ber eg regjeringar, private sektorar, ikkje-statlege organisasjonar og folk overalt om å fokusere på skaping av eit samfunn for alle aldrar –slik den internasjonale handlingsplanen for aldring frå Madrid såg føre seg, og i tråd med tusenårsmåla og den større globale utviklingsagendaen. Saman både kan, og må, vi sikre at folk ikkje berre lever lengre, men óg betre, rikare, meir gjevande og meiningsfulle liv.