GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR TOLERANSE

0
615

16.november 2006 – I dei siste åra har vi vore vitne til ei markant auke av intoleranse, ekstremisme og vald verda over. Denne uroligande trenden er mellom anna fyrt opp under av ein auka tendens til å uttrykke skilnadar i samband med identitet istadenfor meiningar og interesser.

 Som eit resultat vert individ og heile samfunn mål for brutale handlingar og vald, ganske enkelt grunna deira etniske, relgiøse, nasjonale eller anna identitet. Slike trugslar, anten det er snakk om storslege folkemord eller audmjukingar som stammar frå kvardagsleg trangsyntheit, bør bekymre oss alle. Vi må kjempe for å oppretthalde prinsippa om toleranse, mangfald, gjensidig respekt og fredleg sameksistens. Vi må alltid vere klare til å rette på stereotypar og vrangførestillingar, samt å forsvare offera for diskriminering.

 Det å bekjempe intoleranse er delvis eit spørsmål om rettsvern. Retten til relgionsfridom – og fridom frå diskriminering grunna relgion – har lenge stått skrive innan det internasjonal rettsverket, og innlemma i mange land sine eigne lovverk.

 Men lovverket er kun ein start. Einkvar strategi for å skape forståing må i stor grad stole på utdanning – om ulike relgionar, tradisjonar og kulturar – slik at mytar og vrangførestillingar kan bli forstått som det dei faktisk er. Vi må i tillegg skape moglegheiter for unge menneske og gje dei truverdige alternativ til sirenene frå hat og ekstremisme. Og vi må arbeide for å hindre media i å bli brukte til spreiing av hat eller fornedring, samstundes som vi skyttar om ytringsfridomen.

 I alt dette, finst det eit avgjerande naudsyn for leiarskap frå offentlege personar og institusjonar. I tillegg til det vidspente og vedvarige arbeidet for å framme og skytte om menneskerettane, har FN på sitt vis ansert ein “Allianse av Sivilisasjonar” med det formålet å byggje bruer samt sigre over fordommar og polariseringar som eventuelt kan truge verdsfreden.

 Men individuell innsats må vere på høgde med offentleg interesse. La oss difor, på denne internasjonale dagen for toleranse, på ny bekrefte oppfatninga av mangfald – i tankegong, i tru, og i handling – som ei dyrebar gåve, ikkje ein trugsel, og la oss prøve å skape meir tolerante samfunn fordjupa i dette grunnleggjande idealet.