GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE VERDSDAGEN FOR BUSTAD- OG BUSETTINGSMILJØ

0
620

2.oktober 2006

Innan 2050, vil rundt 6 milliardar menneske, noko som tilseier to-tredjedelar av menneskeætta, bu i byar og landsbyar. Aldri før har verda vore vitne til slik ei rask urbanisering. Ei heller har den vore vitne til slik ei rask auke i det samla talet på folk som migrerar. Desse to fenoména – migrasjon og urban vekst – er tett samanknytta, først og fremst fordi fleirtalet av folk som flyttar går mot dei skinande lysa av byen.

I dét vi reflekterar over temaet for markeringa av verdsdagen for bustad- og busettingsmiljø dette året –  “Byar, magnetar for håp” – må vi vere merksame på at byar òg kan vere stader for ei heil del håpløyse. Aldri før har verda vore vitne til ei slik stor spreiing av urbane slumområder. Idag bur ein milliard, eller kvar tredje urbane innbyggjar, i slummar. Om kommunar og regjeringar mislukkast i å handtere urban vekst og migrasjon på ein bærekraftig måte, kan ein vente at dette talet fordoblar seg i løpet av dei neste 30 åra.

Byar er destinasjonar for folk som flyktar frå fattigdom, konfliktar og menneskerettsbrot, eller som heilt enkelt søkjer betre liv, nesten overalt. Medan mange migrantar set kursen mot nord, representerer òg sør-sør migrasjon formidable utfordringar. Storbyar som Dakar, Jakarta, Johannesburg eller Rio de Janeiro, for å nemne berre nokre få dømer, har store problem med å romme nye migrantar ettersom så mange av innbyggjarane slit allereie.

Desse og andre utfordringar kom i skarp fokus under det tredje verdsurbanforumet, WUF, halde i Vancouver, Kanada, i juni 2006. Dette møtet gjorde det klart at FN sine medlemsland, saman med ikkje-statlege organisasjonar, den private sektoren og borgarar verda over, må samle krefter som aldri før i søkjet etter ei bærekraftig urbanisering og inkluderande byar. På verdsdagen for bustad- og busettingsmiljø, ber eg alle som er involverte om å arbeide i samsvar med partnarar for å handtere ei av nøkkelutfordringane som menneskeætta står ovanfor i det 21.århundret.