GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE VERDSDAGEN FOR MENTAL HELSE

0
652

10.oktober 2006

Vi er alle djupt bekymra for dødsfalla som fylgjer krig, drap, terrorisme og andre valdsformer. Likevel, får ikkje dødsfall som fylgje av sjølvmord samt dei faktorane som ligg til grunn for desse på langt nær nok merksemd. Vi er vitne til rundt ein million sjølvmord kvart år. Om vi legg til antalet sjølvmordsforsøk, ser vi den verkelege dimensjonen av dette folkehelseproblemet og sosiale tragedien som rammar fleire millionar menneske.

Det er oppmuntrande å sjå at vi no har ei betre forståing av sjølvmordsrelaterte adferdsmønster. Dette burde hjelpe oss å hindre mange unødvendige dødsfall, skytte utsatte personar og støtte dei etterlatne familiane.

Ein av dei viktigaste faktorane som ligg til grunn for sjølvmord er sinnssjukdommar, som depresjon og schizofreni. Ein annan er tidlegare sjølvmordsforsøk, noko som gjer det desto viktigare at dei som er utsatt mottek snarleg og effektiv hjelp. Men sjølv om det fins effektive og økonomiske måtar å handtere desse sjukdommane på, har langt frå alle tilgang på den behandlinga dei treng. Mangel på medisinar og utdanna personale er forverra av manglande kjennskap til sinnssjukdommar og sjølvmordsrelaterte adferdsmønster, samt stigmaet som fylgjer med.

Sinnssjukdommar kan vere dødelege utan behandling. Ein av dei beste måtane å redusere dei skjebnesvangre fylgjene av sjølvmord er å takle dei relaterte sinnsjukdommane i eit sosialt miljø. La oss love å gjere noko med denne lærdommen i høve Verdsdagen for mental helse. La oss gje sjølvmord den merksemda den treng.