Generalsekretæren ventar intenst multilateralt diplomati den neste tida

0
663

”Eg trur dette kjem til å verte den mest intense perioden for multilateralt diplomati i FN sin historie,” uttalte Ban Ki-moon til journalistar i New York. ”Vel inne i det 21. århundre er FN atter ein gong det globale formumet der saker vert diskutert og løysingar utarbeida.”

I tillegg til den årlege debatten i generalforsamlinga, understreka Ban at ei rekkje andre viktige arrangement kjem til å finne stad på FN sitt hovudkvarter i løpet av dei neste vekene. Desse inkluderar m.a. planlagde internasjonale møte om klimaendringar, Darfur, Irak, Aghanistan, Kosovo og ”Kvartett-prosessen”, som arbeider med konflikta i Midtausten.

Om Darfur sa Ban at han kjem til å leie eit toppmøte saman med den Afrikanske Union (AU) sin leiar, Alpha Oumar Konaré.

”Eg håpar vi vil klare å planleggje ein strategi og vegkart for dei føreståande fredsforhandlingane i Libya 27. oktober,” sa generalsekretæren, som sikta til dei planlagde fredssamtalane om Darfur.