Internasjonal dag mot miljø-øydeleggjing i krig og væpna konflikt 2007

0
155
I dag er FN sin internasjonale dag mot miljø-øydeleggjing i krig og væpna konflikt. FN vedtok denne dagen i 2001, for å belyse den øydeleggjinga av miljøet som finn stad under væpna konflikt. Denne øydeleggjinga kan føre til svekka økomsystem og naturressursar etter konfliktperiodar, med skadeverknader som ofte omfattar heile regionar, over fleire generasjonar.

I generalsekretær Ban Ki-moon sin bodskap på denne dagen, understrekar han det viktige arbeitet FN sitt miljøprogram (UNEP) gjer for å døyve skadeverknader etter konflikt rundt om i verda.

”Å ta hensyn til miljøet er avgjerande dersom vi skal klare å unngå langvarige miljøproblem som kan undergrave tryggleik og utvikling, og føre til forlenga konflikt og trvangsforflytning,” sa Ban i bodskapen sin.

Les meir om UNEP sitt arbeid her.
Les heile bodskapen til generalsekretæren her