Norsk kunst set søkjelys på klimaendringar

0
708

Den norske kunstnaren Vebjørn Sand stiller for tida ut ei smeltande isbru utanfor FN sitt hovudkvarter i New York. Brua er konstruert etter Leonardo da Vinci sine teikningar av ”Golden Horn” – brua. Isbrua vart avduka under ein formell seremoni på FN sitt hovudkvarter 17. desember, og brua vil bli ståande til midten av februar. Tanken bak er at isbrua skal smelte som eit symbol på global oppvarming.

Vebjørn Sand bygde opprinneleg Da Vinci-brua under ein ekspedisjon til Dronning Maud’s Land i Antarktis. Sand meinte at dette prosjektet ikkje ville vere komplett utan ei bru også i New York – der brua vil smelte, og demonstrere farane klimaendringar og global oppvarming representerar.

Les FN si pressemelding her.