Norske ungdomspolitikarar vitjar Sierra Leone

0
700

Ni norske ungdsomspolitikarar vitjar denne veka Sierra Leone. Vitjinga, frå 19.-26. januar, er organisert av UNDP sitt nordiske kontor, og har som målsetjing å  gjere ungdomspolitikarane kjende med UNDP og FN sitt praktiske utviklingsarbeid i landet. Særskilt fokus har vorte retta på korleis ein kan styrke stønad til utviklingsarbeid og det multilaterale systemet, som er viktige tema for denne nye generasjonen av unge politikarar.

I løpet av opphaldet i Sierra Leone har ungdomspolitikarane reist til nordlege og austlege deler av landet, der dei møtte ungdomsrepresentantar, politikarar, parlamentarikarar og tradisjonelle leiarar i Kono og Makeni.

Les meir om UNDP i Norden her.