Regjeringa løyver 12 mill i humanitær stønad til naudlidande i Kenya

0
618

Regjeringa har vedteke å løyve 12 millionar kroner i samband med den humanitære krisa i Kenya. Stønaden vil kanaliserast gjennom samarbeidspartnarar i FN-systemet, Røde Kors-rørsla og frivillige organisasjonar.

– Situasjonen er ei tragedie for heile det kenyanske folk. Den norske regjering ynskjer å bidra til å avhjelpe den humanitære krisa som no rammar store deler av den sivile folkesetnaden, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Utanriksdepartementet gir stønaden til organisasjonar som allereie er til stades i Kenya, og som har god kjennskap til dei humanitære behova og utfordringane.

(Kjelde: Utanriksdepartementet)

– Det er eit lysglimt i tragedien at hjelpeorganisasjonane i dei siste dagane har fått betre tilgong til dei som treng hjelp. Vegsperringar er gradvis fjerna og ferdselsårane til de berørte områda gjenopnast, seier Støre.

Minst 500 menneske er drepne, tusenvis er skada og ein kvart million menneske er drivne på flukt sidan opptøyane starta etter presidentvalget i Kenya rett før nyttår. Tusenvis av heimar og eigedomar er øydelagde. Urovekkende rapportar fortel om vald og seksuelle overgrep mot utsette grupper, kvinner og barn.

– Valden i Kenya har skapt sår langs økonomiske og etniske skiljeliner. Det er difor viktig å synleggjere at vår hjelpeinnsats byggjer på grunnleggjande humanitære prinsipp som medmenneskelegheit og upartiskhet for å redde liv, lindre naud og sikre vern på tvers av skiljelinene, seier utanriksminister Støre.