Still generalsekretæren eit spørsmål!

0
777
For å hjelpe FN med å få greie på kva spørsmål unge menneske er opptekne av, vil generalsekretær Ban Ki-moon svare spørsmål stilt av born om verdsorganisasjonen sjølv, samt om globale spørsmål på FN sin agenda.

Mellom 14. januar og 31. mars vil elevar i grunnskulen og ungdomsskulen kunne sende spørsmåla sine til Ban gjennom FN sin Cyber-skulebuss, under “Ask the Secretary-General.”

Utvalde spørsmål og svar vil verte offentleggjorde på websida.

Dette nye initativet vil vere med på å gjere FN meir tilgjengeleg for born ved å gi dei høve til å stille spørsmål direkte til generalsekretæren.

”Eg håpar verkeleg at dagens unge gutar og jenter vil vekse opp vitande om at FN arbeider hardt for å byggje ei betre framtid for dei,” uttala Ban. ”Som generalsekretær ynskjer eg å ta til meg håpa deira og lytte til oppfordringane deira.”