UNIFEM: Ny kampanje mot vald mot kvinner

0
658

FN sitt utviklingsfond for kvinner, UNIFEM, og goodwill-ambassadøren Nicole Kidman startar i dag kampanjen ”Say No to Violence” for å stoppe valden mot kvinner.

”Eg vil vise støtte for dei kvinnnene og jentene som utsetjast for vald, slik at dei veit at dei ikkje er åleine. Difor var eg ein av dei fyrste til å skrive under på kampanjen,” seier Kidman.

Kampanjen, som skal byggjast rundt websida www.saynotoviolence.org, vil vise at stadig fleire menneske tek avstand frå vald mot kvinner og ser at valden er noko ein må ta tak i umiddelbart. På websida kan vitjarar skrive namnet sitt i ei virituell bok for å støtte kampanjen og oppmode til avgjerdsler. Websida vil også innehalde informasjon, statistikk og e-kort. Websida opnar i dag, 26. november, dagen etter den internasjonale dagen mot vald mot kvinner, og kampanjen kjem til å fortsetje fram til den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2008.

Kampanjen si heimeside finn du her.
Les meir om UNIFEM her.