WHO: Kvart 30. sekund tek nokon livet sitt

0
676

I fokus på Verdsdagen for sjølvmordsførebyggjing dette året står førebyggjing av sjølvmord frå ungdom til alderdom. Dette temaet er valt for å understreke at menneske i alle aldrar tek livet sitt, og at nasjonale føretak for å hindre sjølvmord må ta omsyn til dei ulike aldersgruppene.

Verdsdagen for sjølvmordsførebyggjing er eit høve for menneske i heile verda til å stå saman i engasjement og handling for å sikre at sjølvmord vert førebygd, at menneske med psykiske problem får tilstrekkeleg behandling, at omsorg i lokalsamfunnet og nøye oppfylgjing er tilgjengeleg for menneske som prøver å ta livet sitt, at tilgang til vanlege sjølvmordsmetodar er avgrensa, og at mediarapportering om sjølvmord er avmålt.

I dag tek altfor mange menneske i alle aldrar livet sitt unødvendig. I gjennomsnitt begår nesten 3000 menneske sjølvmord kvar dag. Kvart 30. sekund vil tapet av eit menneske som tek sjølvmord, øydeleggje liva til vener og famile. For famile og vener som vert råka av sjølvmord eller forsøk på sjølvmord, kan den kjenslemessige innverknaden vare i mange år.

Det er i dag aukande medvit om sjølvmord som eit sentralt helseproblem, sjølv om det fortsatt ikkje vert snakka opent om i mange samfunn. På verdsbasis har sjølvmordstala auka med 60% dei siste 50 åra, og denne veksten har vore særskilt merkbar i utviklingsland. Sjølv om registrerte sjølvmord i dag er ein av dei tre vanlegaste årsakene til død blant unge menneske (15-34 år), er størsteparten av sjølvmord å finne blant vaksne og eldre vaksne (60 år eller eldre).  

Les meir om dette her.