Ban Ki-moon kallar inn til det største klimamøtet nokon sinne

0
655

Generalsekretær Ban Ki-moon innleia mondag det største internasjonale møtet om klimaendringar nokonsinne, på FN sitt hovudkvarter i New York.

”Eg er overtydd om at klimaendringar, og kva vi gjer med dette, kjem til å vere avgjerande for oss, for denne tidsalderen, og for arven vi etterlet til framtidige generasjonar,” sa Ban til deltakarane, som kom frå over 150 land.

”Vi har framtida i våre hender” sa Ban. ”Saman må vi sørge for at barneborna våre ikkje kjem til å spørje kvifor vi ikkje klarde å gjere det rette, og dermed late dei lide med konsekvensane.”

Generalsekretæren viste til FN sitt klimapanel (IPCC) sin rapport der det vert hevda at global oppvarming er eit direkte resultat av menneskeleg aktivitet.

Ban oppmoda industrialiserte land til å ta leiinga i å setje ein stoppar for klimaendringar. Utsleppa deira held fram med å auke, og stamstundes har dei ikkje støtta nok opp under tilretteleggjing i fattige land.