Ban Ki-moon lovar handling for å nå tusenårsmåla

0
659
FN sin generalsekretær Ban Ki-moon lova i dag å mobilisere statsleiarar i eit forsøk på å nå tusenårsmåla (MDGs), når dei kjem til FN sitt hovudkvarter i New York i samband med generalforsamlinga sin årlege høgnivådebatt i september.

”Vi er no midtvegs i ein stor kampanje for å motkjempe fattigdom. For mange statar ligg no etter. Vi treng nye idear og tilnærmingar” sa Ban under ein pressekonferanse i Davos i Sveits, der han deltek på World Economic Forum.

Generalsekretæren oppmoda igjen om å rette søkjelyset på dei aller fattigaste, ’the bottom billion’.

Ban illustrerte kor mykje det no hastar med handling ved å vise til skremmande statistikk; eitt born døyr frå svolt kvart femte sekund; for to tredjedelar av verdas folkesetnad er eit glas reint vatn ei luksusvare; og ein million menneske døyr frå malaria kvart år.

”Det er difor eg lanserar dette nye initiativet saman med globale leiarar,” sa han. ”I september vil FN vere vert for eit høgnivåmøte om tusenårsmåla, med særskilt fokus på Afrika."

Målsetjinga, i fylgje generalsekretæren, er å ”samle leiarane i verda, og saman krevje handling.”

I fjor nytta Ban eit liknande forum for å fremje handling mot klimaendringar. ”I år vil vi gjere det same for ’the bottom billion’,” lova han.

“Dette er ei ukrenkeleg sak. Kampen mot global fattigdom og menneskeleg liding er eit moralsk imperativ.