Bodskap frå FN sin generalsekretær på den internasjonale dagen for lese-og skrivedugleik

0
696

Temaet for den internasjonale dagen for lese-og skrivedugleik i år – helse og lese-og skrivedugleik – markerar den viktige rolla alfabetisering spelar i fremjing av betre helsetilhøve for alle.

Det er mange viktige samanhengar mellom det å kunne lese og skrive, og helse. Lese-og skrivedugleik gjer det mogeleg for kvinner og menn å utvikle dei naudsynte evnene og sjølvtilliten som kan føre til betre helse. Born har betre høve til å vekse opp med god helse og å ha tilgong til utdanning dersom dei veks opp med mødre som kan lese og skrive. Lese-og skrivedugleik er difor gagnleg både for familiar og heile samfunn.

Helsetenester og høve til utdanning kan fremjast på ei og same tid. Til dømes har avdelingar for barnemedisin vist seg nyttige for rådgjeving om lese-og skrivedugleik og for å hjelpe foreldre med å førebu borna sine til skulegong. Alfabetiseringsprosjekt med eit helseperspektiv kan vere med å skape og halde oppe ei  verd med betre helse, og det same gjeld helseinitiativ med ein alfabetiseringskomponent.

Dette året markerar vi at vi er halvvegs i FN sitt tiår for lese-og skrivedugleik (2003-2012). Likevel er det rundt 774 millionar vaksne som ikkje kan lese og skrive, og av desse er to tredjedelar kvinner. Meir enn 72 millionar born går ikkje på skule. Desse tala minner oss om kor mykje som står att å gjere for å sikre at menneske sin rett til utdanning vert oppfylt.

Dette året er vi også halvegs i forsøket på å nå tusenårsmåla innan 2015. Eit av måla er å gi alle born grunnskuleutdaning – staden der lese- og skrivedugleik byrjar. Høgare lese- og skrivedugleikstal vil også kunne verke positivt inn på andre tusenårsmål – som reduksjon av småbarnsdødsraten og dødsraten blant gravide og fødande, samt kampen mot og aids, malaria og andre sjukdommar. Kort sagt, lese- og skrivedugleik fremjar utvikling. Det er ein viktig faktor i kampen mot fattigdom, gir nye mogelegheiter, fremjar likestilling og miljøet.

Den globale alfabeitseringsutfordringa er fortsatt enorm. Det er ei utfordring som tilhøyrer oss alle – regjeringer, FN-familien, andre internasjonale organisasjonar, det private næringsliv, det sivile samfunn, lokale grupper og individ. Kvar og ein kan bidra. Alle kan vere del av løysinga.

Å lære å lese og skrive er svært viktig for utvikling og helse. På denne internasjonale dagen for lese-og skrivedugleik, lat oss doble innsatsen vår for å forbetre lese- og skrivedugleik verda over, lat oss stå saman i arbeidet mot det endelege målet: lese- og skrivedugleik for alle.