Darfur: Fredsforhandlingar må vere siste fase i arbeidet mot semje

0
638

Generalskretær Ban Ki-moon, attende i New York etter å ha vitja Sudan, Chad og Libya, ynskjer å halde fram med arbeidet med å finne ei løysing på konflikta i Darfur. I fylgje Ban er det no semje mellom leiarane i regionen om at fredsforhandlingane neste månad må vere ein siste fase i arbeidet mot ein langvarig fredsavtale.

Ban gav uttrykk for at han var godt nøgd med dei mange møta han deltok på under opphaldet. Generalsekretæren møtte mellom anna Sudan sin president Omar el-Bashir, Chad sin president Idriss Déby og Libya sin leiar Muammar Qaddafi.

”Vitjinga var svært nyttig og konstruktiv i arbeidet mot ei snarleg løysing på konflikta i Darfur,” sa Ban.

Ban Ki-moon og AU-leiar Alpha Oumar Konaré kjem til å leie eit toppmøte om Darfur i New York 21. september. Chad kjem også til å halde eit førebuande møte med opprørsgruppene i Darfur seinare denne månaden.

”Vi må no byggje på denne utviklinga for å sikre fred, tryggleik og framgang for menneska i Darfur,” uttalte generalsekretæren i går.