FN-konferanse om klimaendringar i Wien

0
655

På ”Vienna Climate Change Talks 2007”, ein FN-konferanse om klimaendringar, vart det semje om å danne grunnlag for effektiv internasjonal respons til klimaendringar.

900 delegatar deltok på konferansen, som fungerte som ei førebuing til ein FN-konferanse på Bali, Indonesia, i september. Konferansen på Bali skal forsøke å vidareutvikle nye multilaterale klimaavtalar for perioden etter 2012, når Kyoto-avtalen går ut.

Regjeringsdelegatar i Wien diskuterte også korleis metodar for å minske CO2-utslepp på ein rimelegare måte kan føre til betre internasjonal respons. Ein rapport frå FN sitt klimapanel viser at det er mogeleg å minske CO2-utsleppa på ein kostnadseffektiv måte, og at det er bruk for strategiar som kan leggje til rette for dette både i vesten og i utviklingsland.

Under konferansen vart det vidare offisielt anerkjent at globale utslepp av klimagassar vil nå eit toppunkt i dei neste 10-15 åra, før dei vil reduserast til eit svært lågt nivå. Det vert naudsynt å nå godt under halve 2000-nivået i 2050, dersom ein ynskjer å stabilisere utsleppa på eit trygt nivå. For å unngå dei mest katastrofale åtvaringane til IPCC, som ekstrem tørke og vassmangel i store delar av verda, må industrilanda sine CO2-utslepp reduserast til 25-40% av utsleppsnivået i 1990.

”Dette møtet er eit fyrste steg, og har danna eit godt grunnlag for Bali-konferansen,” sa  Yvo De Boer,  FN sin klimasjef. ”Det viser at partane har det naudsynte ambisjonsnivået  for å kome vidare i dette arbeidet.”