FN samarbeidar med FC Barcelona for å hjelpe flyktningborn gjennom sport

0
682
FN sitt flyktningråd (UNHCR) har oppretta eit nytt samarbeid med den spanske fotballklubben FC Barcelona for å nytte sport til å hjelpe flyktningborn med utdanning og dugleikar for livet.

Den treårige avtalen som vart signert i Geneva i går, av FN sin høgkommisær for flyktningar António Guterres og FC Barcelona presiden Joan Laporta, vil også hjelpe UNHCR sin sin “ninemillion.org”-kampanje for å nå målet om å utstyre alle flyktningborn med utdanning, sport og teknologi innan 2010.

”For oss er dette partnerskapet svært viktig,” sa Mr. Guterres. ”FC Barcelona har den naudsynte kapasiteten til å kommunisere viktige verdiar som toleranse til samfunnet, som er heilt naudsynt for aksept av flyktningar og andre menneske i vanskelege og sårbare situasjonar.”

Laporta la til at ”Som ein fotballklubb, er våre viktigaste verdiar fotballstjernene våre. Det er dei som kan gi ei kjensle av glede til flest mogeleg sårbare menneske.” Fotballklubben husar internasjonale stjerner som Ronaldinho, Thierry Henry og Lionel Messi.

Som eit fyrste steg vil UNHCR og FC Barcelona – “Barça” blant fans – saman identifisere og skape ei rekkje utdannings- og livsdugleiksprosjekt gjennom idrettsaktivitetar for å hjelpe flyktningar i Ecuador, Nepal og Rwanda.

Samstudes har den engelske fotballstjerna David Beckham oppmoda verda om å ikkje gløyme dei mange tusen borna som døyr kvar einaste dag. Beckham kom med denne oppmodinga under ei nyleg vitjing til Sierra Leone som Goodwill Ambassadør for UNICEF.

I fylgje UNICEF sin årlege rapport, “The State of the World’s Children 2008,” har Sierra Leone den høgaste småbarnsdødsraten i verda.

“I Sierra Leone døyr eitt av fire born før dei fyller fem år,” sa Beckham. ”Dette er sjokkerande og tragisk, særskilt når løysingane er så enkle. Å redde desse borna er ein høg prioritet for UNICEF – og som ambassadør håpar eg at eg kan hjelpe til  med å tiltrekke oppmerksemd om dette spørsmålet rundt om i verda.”

Under turen vitja Beckham ein helseklinikk nær byen Mekeni, der han møtte pasientar og gav ein polivaksine til ei nyfødd jente. I ein anna landsby hjalp han til med å dele ut myggnett med insektdrepande middel til unge mødre og gravide kvinner. Han møtte også lokale born, og gav dei signerte fotballar.

UNICEF sin representant i Sirerra Leone, Geert Cappelaere, understreka kor viktig Beckam si vitjing er for organisasjonen sin globale helseagenda. ”Barneoverleving er ein av dei høgaste prioritetane til UNICEF. Vitjinga hans vil støtte opp om det globale arbeidet vårt for å betre helsa til born og kvinner.”