FN sin høgkommisær for flyktningar rosar ny nordisk kampanje for å verne asylsøkjarar

0
663

FN sin høgkommisær for flyktningar (UNHCR) støttar opp om eit nytt nordisk initativ, der 20 nordiske organisasjonar, m.a. Flyktninghjelpen, går saman for oppmode nordiske styresmakter om ein meir humanitær flyktningpolitikk.

Kampanjen er kritisk til at asylsøkjarar som har rett til vern vert sende heim, til trass for at dei nordiske landa har underteikna Flyktningkonvensjonen og andre internasjonale avtalar.

”UNHCR støttar og ynskjer velkomen denne kampanjen, som har som målsetjing å stimulere diskusjon og finne løysingar på eit kritisk problem i internasjonal trygging” sa Hans ten Feld, UNHCR sin regionale representant. ”Eit fyrste steg i å finne ei løysing på dette problemet ville vere å rette seg fullstending og konsekvent etter UNHCR sine retningslinjer.”

I fylgje dei nordiske organisasjonane vert nokre av grunnane oppgidd i asylsøknadar rekna som meir berettiga enn andre. ”Menneske som flyktar frå valdeleg konflikt møter mykje motgang når dei søkjer asyl i nordiske land,” hevdar organisasjonane. ”Ved å verte sett på som ’berre’ ein flyktning frå ’generell vald’, får ein ofte ikkje asyl i vår del av verda.”

Hans ten Feld  sa at mangelfullt vern for asylsøkjarar som flyktar frå vald og brot på menenskerettar eksisterar både i lovgjeving og i tolkinga av desse lovene. Menneske riskikerar å verte offer for manglande vern to gonger: I landet dei kjem frå og i landet dei søkjer asyl.

Kampanjen kjem til å halde fram til slutten av året. Organsiasjonar som dek del i kampanjen er Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS), Amnesty International Sverige, Caritas Sverige, Flyktinggruppernas och Asylkommittéernas Riksråd (FARR), Dansk Flyktninghjelp, Amnesty International Danmark, Danmark Røde Kors Asylavdelingen, Amnesty International Finland, Finsk Organisasjon for asylsøkere, Finsk Flyktninghjelp, Finland Røde Kors og Icelandic Human Rights Center.

Les meir om kampanjen her.