GENERALSEKRETÆREN – MERKNAD TIL TRYGGINGSRÅDET I HØVE SITUASJONEN I DARFUR

0
120

New York, 11. September, 2006

Herr President,
Eksellenser,

Tragedien i Darfur har nådd eit kritisk punkt. Den fortener full merksemd og snarrådig handling.
 
Det er livsviktig at alle saman snakkar opent om det som skjer, og om kva som trengst for å stoppe lidinga til så mange millionar menneske.

Eg er særs nøygd med å sjå at den Afrikanske unionen, Arabiske ligaen og Organisasjonen for Den islamske konferansen er representerte her idag. Det er òg viktig at regjeringa av Sudan tek del i denne sesjonen.

Herr President,

Vi har alle høyrt dei siste, djupt urovekkjande rapportane om fornya kampar, særskild i nord Darfur, mellom dei ulike fraksjonane.
Tusenvis av sudanske væpna styrkar har vorte utplassert i området, noko som bryt klart med fredsavtalen i Darfur. Endå verre er det at området har vore utsett for fornya bombardement frå lufta. Eg fordømmer på det sterkaste slik ei opptrapping. Regjeringa burde stoppe offensiven deira umiddelbart og avstå frå vidare slike handlingar.

Desse siste samanstøyta har ført til endå større elende for eit folk som allereie har lidd altfor mykje.

Atter ein gong har menneske vorte fordrivne. Det samla talet på fordrivne har no nådd 1.9 millionar. Nesten 3 millionar menneske i Darfur er avhengige av internasjonal bistand for mat, ly og medisinske tenester.

Kampane har gjort det mykje, mykje vanskelegare for humanitære arbeidarar å nå desse. I juli hindra utryggleiken Verdsmatvareprogrammet i å levere mat til 470 000 menneske i desperat naud. I august nådde Verdsmatvareprogrammet menneske i sør Darfur, men rundt 355 000 menneske i nord Darfur var framleis utan tilgang på naudhjelpsmat –dei fleste av desse for den 3. månaden på rad. Sidan eg signerte eit felleskommuniké med utenriksminister i Sudan i juli 2004, har tilgongen aldri vore så alvorleg avgrensa som no.

Humanitære arbeidarar har forsett å vere mål for brutal vald, fysisk trakassering og retorisk uthenging. Mange av køyretya deira har vorte stolne. 12 bistandsarbeidarar har mista livet berre i løpet av dei to siste månadane – meir enn i dei to siste åra. Vi gjev merksemd til ofringa deira, men kan ikkje, og må ikkje akseptere handlingane som stod bak. Naudhjelpspersonell må få tillating til å gjere jobben deira, uhindra og i tryggleik.

Då tilgong vert vanskelegare, går humanitære vinningar frå dei to siste åra tilbake. Om ikkje tryggleiken betrar seg, står vi framfor eit utsyn av, på drastisk vis, å måtte innskrenke ein sterkt naudsynt humanitær operasjon.
Kan vi, med samvit, forlate folket i Darfur til ein slik skjebne?
Kan det internasjonale samfunnet, etter ikkje å ha gjort nok for folket i Rwanda i deira naud, berre betrakte at denne tragedien vert djupare og djupare?
Etter for berre eit år sidan endeleg å ha samtykkja at der ligg eit ansvar til å skytte, kan vi fundere på å stryke nok ein test? Anten er leksa lært eller ikkje, anten er prinsipp fylgde eller håna. Dette er inga tid for mellomvegen av halvveges tiltak og vidare debatt.

Herr President,

Dei siste kampane viser fullstendig likgylde for fredsavtalen i Darfur.

Avtalen skapte håp, som no vert knust. Utviklingane idag trassar fleira av resolusjonane frå dette rådet, og bryt forpliktingane som vart inngått. Desse inkluderer ikkje-utsendinga av fleire sudanske militærstyrkar. Slike handlingar er uakseptable, både rettsmessig og moralsk.

Tydelegvis trur dei som har gitt ordre om desse handlingane at det framleis finnast ei militær løysing på krisa i Darfur. Sjølv om alle partar utvilsomt burde ha forstått, etter så mykje død og øydeleggjingar, at berre ein politisk avtale der alle deltakarar er fullt engasjert, kan føre til verkeleg fred i regionen.

Som det går klart fram i rådet sin resolusjon 1706, gjev fredsavtalen i Darfur oss ei moglegheit til å oppnå fred. I dagane som kjem, vil vi i FN-sekretariatet møte overordna embetsmenn frå kommisjonen i Afrikanske unionen for å klargjere ein bistandspakke for AMIS. Avdelinga for fredstryggjande operasjonar vil òg halde eit møte med potensielle styrkar og politibidragsytarar for å diskutere utvidinga av UNMIS til Darfur.

Herr President,

Den Afrikanske unionen har gjort det veldig klart om trangen til ein overgang frå AMIS til ein FN fredstryggjingsoperasjon, som dette rådet har vedteke. AU har vidare vore like klare om trangen til at AMIS fortset til dette kan skje, og trangen til å motstå eitkvart forsøk på å velte om vedtak tatt for å oppnå desse livsviktige måla. Den Arabiske ligaen har òg tilbudd essensiell støtte i overgangen, og har uttrykt overtyding om at AMIS burde bli til utgangen av året.
Det kan verkeleg ikkje bli noko forlating av AMIS. AU styrkane har vist mot i svært vanskelege omstende. Dei har ei viktig rolle å spele til ein FN operasjon kan iverksetjast. Men dei manglar framleis dei naudsynte ressursane. Endå ein gong, ber eg AMIS sine partnarar om å sikre at dei kan forsette arbeidet i løpet av denne avgjerande overgangsfasen.

Men la oss vere tydelege. Vi veit alle at regjeringa i Sudan framleis nektar å godta overgangen. Og rådet har vedkjent at det er umogleg å iverksetje ein overgang utan godkjenning frå regjeringa.

Atter ein gong, ber eg derfor regjeringa i Sudan om å famne om krafta av resolusjon 1706, og godkjenne overgangen, og søkje ein politisk prosess med ny energi og forplikting. Konsekvensane av regjeringa si noverande innstilling – endå meir død og liding, kanskje på ein katastrofal skala – vil først og fremst gå ut over folket i Darfur. Men regjeringa vil òg lide, om den ikkje opprettheld det ukrenkelege ansvaret for å skytte sitt eige folk. Den vil lide av vanære og unåde – i påsyn av heile Afrika, og det internasjonale samfunnet. Vidare, burde verken dei som vedtek slike politiske kursar, eller dei som set dei iverk, tru at dei ikkje vil verte haldne ansvarlege.

Men mi stemme aleine er ikkje nok til å overbevise regjeringa. Eg har gong på gong prøvd å forklare overgangen til regjeringa, og klare opp i moglege misoppfatningar og mytar. Eg har understreka, både offentleg og privat, den humanitære situasjonen og appellert til regjeringa sin eigen pragmatiske forstand. No er det tid for ytterlegare stemmer å sikre at dei vert høyrde. Vi treng regjeringar og individuelle leiarar i Afrika og utanfor, som er ein posisjon til å påverke regjeringa i Sudan, for å iverksetje presset utan forseinking. Det trengst òg ein tydeleg, sterk og unison merknad frå dette rådet.

Herr President,

Dette er eit farefullt tidspunkt for folket i Darfur. Men det er òg eit avgjerande tidspunkt for rådet i seg sjølv. I meir enn to år har de arbeidd for å bremse kampane og betre situasjonen i Darfur. Likevel, står vi atter ein gong på randa av ei ny katastrofe.

Den noverande situasjonen kan ikkje fortsetje. Det er på tide å setje igong. Ikkje berre i Darfur, men for folk verda rundt, vert dette sett på som ein essensiell test for rådet sin autoritet og effektivitet; deira solidaritet med folk i naud, og deira seriøsitet i søkjet etter fred. Eg ber dykk, eg ber dykk på det mest innstendige, å svare på utfordringa.

Tusen takk.