Generalsekretæren oppmodar om samarbeid for å sikre betre helse for alle

0
643

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon oppmoda i dag alle land om å samarbeide for å styrke helsesystem i heile verda, og å gi  fleire menneske tilgang til helsetenester. Ban viste til samanhengen mellom helse, tryggleik og utvikling.

”Tryggleiken til alle land er i stadig større grad avhengig av land si evne til å handle effektivt og kollektivt, for å minske noverande helserisikoar,” sa Ban under opninga av det globale initiativet for helse og utenrikspolitikk på FN sitt hovudkvarter.

Initiativet, som vart teke av Frankrike, Indonesia, Noreg, Senegal, Sør-Afrika og Thailand i september 2006, vil arbeide for å nytte utanrikspolitikk for å sikre betre helse for alle, særskilt for dei mest sårbare, inkludert betre tilgang til rimelege helsetenester.

Ban understreka at i ei verd som vert stadig meir globalisert, kan det som hender i eitt land ha ein dramatisk effekt i mange andre. ”Frå AIDS til fugleinfluensa, vi har lært at vi må samarbeide for å ta tak i desse truslane som verkar inn på oss alle.”

Han la vekt på at sjukdom, sein utvikling og global utryggleik heng saman, og la til at ”både innanriks- og utanrikspolitikk avgjer kor vidt framtidsutsiktene til folk vert undergravd grunna dårleg helse”.

”Takka vere innsatsen til mange globale aktørar, ser vi no at investering i helse er ein hjørnestein i økonomisk vekst og utvikling, og ein forutsetning for å oppnå dei fleste av FN sine tusenårsmål.”

Helse, som vert påverka av ei rekkje faktorar – frå ekstrem fattigdom og væpna konflikt til klimaendringar, bioteknologi, endra levemønster og tilgang til grunnleggjande tenester – er avhengig av at ulike styresmaker og sektorar samarbeider, uttalte generalsekretæren.

”Vi må arbeide tett saman med sivilt samfunn og privat sektor – alltid med fokus på born, kvinner og dei mest sårbare,” la han til.